Bedriftsturnering i Golf, Sunnfjord
                    Arrangør: 
                        Vestland Bedriftsidrettskrets
                    
                    
                    
                         
                    
                
Tid
Sted
Pris
Golfturnering Sunnfjord Golfklubb, Torsdag 12. Juni
Scrambleturnering med 4 personar pr lag.
Vi spelar på 9 hol.
Oppmøte kl 18.00
Kva er scrambleturnering?
Scramble er ein speleform i golf som spelast av fire spelarar. Alle spelar ut frå start, men alle spelarane spelar vidare frå det beste utslaget. Deretter spelar alle andreslaget, og ein spelar vidare frå det beste andreslaget. Slik fortset ein fram til ballen er i holet. På denne måten kan ein oppnå lav score. Denne formen for turnering gjer det kjekt og sosialt, då ein speler ut frå same punkt på kvart slag!
Kven kan vere med?
Ein på laget må vera kjent med golf og ha golfkort (tidligare grønt kort). Det er ikkje krav til golfkort hjå dei andre tre spelarane, så dersom du ynskjer å prøve golf er dette ein god moglegheit!
Pris pr lag:
Medlem av Bedriftsidretten: 1400 kr 
Ikkje medlem av Bedriftsidretten: 1600 kr 
Lån av utstyr er inkludert i prisen!
Ønsker du at ditt lag skal bli medlem av bedriftsidretten? Ta kontakt med oss! vestland@bedriftsidretten.no
Premiering til 1,2 og 3 plass!
Administratorer
                        Knut Even Hole
                    
                    
                            Mobil
                            90201994
                            
                            E-post: knuteh@hotmail.com
                        
                    
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.
            Åpne i større kart